Oppfinnaren Snutt er mest interessert i å finne opp geniale ting og merkelege duppedingsar. Når ungdommane i Olsen by bryt seg inn i oppfinnarfabrikken for å få han til å gi dei sol og varme heile året, ser han sjansen til å lage ei genial oppfinning som gjer det umoglege mogleg. Isbjørnungen Burrr lever på Nordpolen og har forferdeleg vasskrekk. Han held seg helst på store, trygge isflak og har dessutan eit skjerf slik at han bli taua i land dersom han skulle falle ut i vatnet. Den geniale oppfinninga til Snutt gjer at det blir mykje sol både i Olsen og på Nordpolen. Og med fint vêr heile dagen, blir det varmt. Veldig varmt. Altfor varmt for isflaka i alle fall. "Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet" tek opp klimaproblematikken på ein humoristisk og for barn lett tilgjengeleg måte. Fredrik Rysjedals fantasifulle illustrasjonar følgjer lesaren gjennom boka og gir denne drivande historia eit fargerikt preg. Boka eignar seg til høgtlesing for barn frå 6 år, og til sjølvlesing frå ca. 8 år.
Les mer
Fine og morsomme illustrasjoner i en sober og mild palett med en overraskende kraftig neon-orange som blikkfang allerede på omslaget.

Produktdetaljer

ISBN
9788279592228
Publisert
2015-08-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
330 gr
Høyde
202 mm
Bredde
155 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
124

Forfatter
Illustratør