Dette er den første godnattboka med berre nynorske forteljingar. Boka samlar 22 nye godnatthistorier skrivne av forfattarar frå heile Vestlandet, både etablerte skribentar og debutantar. Forteljingane rettar seg mot barn frå 6 år og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing. I byrjinga av boka finn ein lettleste forteljingar som eignar seg for dei yngste i målgruppa. Utover boka vert forteljingane meir avanserte og rettar seg til eldre barn. Dei spreke illustrasjonar av illustratør Gunvor Rasmussen gir boka ei unik fargedrakt. Med Godnattboka debuterer den kjende BT-illustratøren innanfor barnebokgenren. Forfattarar i boka er: Brit Bildøen, Ingunn E. Wiken, Sylfest, Henning Riverdal, Heidi Marie Vestrheim, Anne Mette Hjelle, Frode Grytten, Katrine Sele, Ragnar Hovland, Odd Njøs, Helga Gunerius Eriksen, Tove Bakke, Turid Måseide, Bergljot Engeset, Terje Hellesen, Karl Seglem, Trond Morten Kristensen, Eirik Helleve, Sylfest Lomheim, Einar Økland, Finn Øglænd, Erna Osland, Atle Hansen.
Les mer
Boka inneheld 22 godnattforteljingar, skrivne av både erfarne og nye forfattarar. Du kan m.a. lese om Hilde som ikkje finn kosedyret sitt, sofagrisen Sylfest og Grautsnasken.

Produktdetaljer

ISBN
9788279591078
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
670 gr
Høyde
240 mm
Bredde
175 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
6-9, 9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
219
Sjanger
Skjønnlitteratur

Illustratør