Ragnvald Vaage (1889-1966) nådde store høgder som barnebokforfattar, men var samstundes ein av dei fremste lyrikarane her til lands i fyrste helvti av 1900-talet. Med språkleg meisterskap, innleving og klangrikdom skildrar han landskap og folkeliv i Sunnhordland - og vidare med - i kvardagsstrev og sundagsglans. «Det kling, skin og svingar av setningane», skriv barnebarnet hans, Lars Amund Vaage, i etterordet i denne utgåva, i eit skynsamt og personleg portrett av bestefaren. Tidlegare denne hausten kom han med romanen Det uferdige huset, som ogso tek utgangspunkt i diktarlagnaden til denne séreigne lyrikaren og striden hans med «plog og penn», med å sameina dei nære krav og dei store diktarsyner.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788278340554
Publisert
2021-01-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Norsk Bokreidingslag
Vekt
510 gr
Høyde
190 mm
Bredde
110 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
391
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter