Simon (20) vervar seg som soldat i ein norsk NATO-styrke. Men når han kjem heim att, finn han seg ikkje til rette. Gjensynet med kjærasten, Eva, blir heller ikkje som dei hadde håpt. Simon veit ikkje lenger kva han vil med livet. Brått ei natt blir han arrestert og kasta på glattcelle, skulda for ei avskyeleg handling. Simon nektar, men etter.forskaren Irma har grunn til å tvile på hans forklaring. Som i eit kriminaldrama, med intense avhør og tilbakeblikk, blir ei skremmande historie avdekka lag for lag. STIG AMDAM (f. 1961) gjekk ut frå skode.spelarlina ved Statens Teaterhøgskule i 1983. Han har hatt roller ved Nationaltheatret, Fjernsynsteatret, Hålogaland Teater og har medverka i fleire tv- og filmproduksjonar. Frå 1989 har han vore ved Den Nationale Scene i Bergen. Han debuterte som dramatikar i 1999 med Hundedagar på Teatret Vårt i Molde. I 2004 regisserte han sitt eige stykke ID på Scene Usf i Bergen. Ras hadde premiere i februar 2006 på Den Nationale Scene. Radioteaterstykket Hauk og due (vant sølv i Prix Italia) og scenestykket Simons historie har begge hatt premiere i 2008.
Les mer
Simon vervar seg til ein norsk NATO-styrke, men når han kjem heim att, finn han seg ikkje til rette, og Simon veit ikkje lenger kva han vil med livet. Så blir han kasta på glattcelle, skulda for ei avskyeleg handling. Han nektar, men må gjennom intense avhør som etter kvart avdekkar ei skremmande historie. Stykket hadde urpremiere på den Nationale Scene 14. november 2008
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788275960977
Publisert
2008-10-31
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Transit
Vekt
220 gr
Høyde
210 mm
Bredde
114 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
126
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter