«Denne boka er full av vemmelege vers. (Åtvaring: Det er ikkje nokon vanlege «Det var ein gong»-eventyr.) Her er stakkars Oskepott som får hjartet trampa i tusen bitar fordi prinsen hennar er ein valdeleg gnitar. Dvergane til Snokvit er snille og greie, men har ein vane som gjer dei skrekkeleg leie ... Og kva med Gullhar, ei tjuvaktig lita lus, som snik seg rundt og lokar i dei tre bjornenes hus ...?» Viss ein googlar Roald Dahl - og det bør ein jo gjere viss ein er interessert i tekstane hans - kjem ein fram til ein del diskusjonar som mellom anna går ut på om han likte barn eller ikkje. Dette skuldast dels biografiske høve (og Dahls biografi er så dramatisk at ein bør spandere meir enn eit par minutts googling på den), og dels innhaldet i bøkene, der barn til tider møter svært så brutale lagnader. I dei seks eventyra han har gjenfortald i verseform her, er det heller ikkje alle som kjem godt ifrå det. Til dømes er Gullhår langt frå å vere den uskuldige, tekkelege vesle jenta vi kjenner henne som i den tradisjonelle versjonen. Tvert imot er ho ei ufordrageleg bråkebøtte som langt på veg fortener utgongen som blir antyda. Vesle Raudhette derimot, framstår rett nok med større aggressivitet enn vi er vane med, men ho viser òg ei langt meir velutvikla evne til å vere sjølvhjelpen enn i dei ulike origina.lane - i den grad ein kan snakke om originalar når det gjeld eventyr. «Du trur du kan denne historia godt. Vel giss kva, høyr etter, spiss øyre: not. Den feika versjonen kjenner du vel. Men den verkelege er mykje meir grell.»
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2020-01-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bokvennen
Aldersnivå
6-9, 9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Illustratør