Ei ung kvinne møter ein amerikanar som livnærer seg som musiker i heimbygda hennar. Dei to forelskar seg i kvarandre. Brått står han innfor eit uventa val: Å gjera militærteneste for USA, eller bli verande i Norge. Han er drafted, innkalla til militærtenste; men USArmy fritek gifte menn for pliktteneste. For å berga kjærleiken, vil dei gifta seg. Men presidenten i USA, endrar brått lova og kallar alle amerikanske menn mellom 18 og 25 år til teneste for USA sitt «engasjement» i Vietnam, hausten 1965. Blir den unge amerikanaren verande i Norge er han utvist frå USA for all framtid. Han må dra og melda seg til teneste. Ho blir med. Men overtydd om at USA si opptrapping i Vietnam er feil, vil han nekta å bera våpen. .. Denne dramatiske historia om ein ung amerikanar sin kamp for eigen integritet og overtyding midt i mot militærmakta i USA, er fortalt gjennom den unge kvinna si erfaring under opptrapping av krigen i Vietnam. Like innmed mannen sin hardnakka motstand på innsida av USA si militære stormakt, lever ho på skrinne vilkår i ei hytte som soldathustru på det største fortet i Nord- Amerika som trente fotsoldatar til USA sin jungelkrig i Søraust-Asia. Dette er en roman som handler om krig, fridom og kjærleik, og ein sterk fortelling om to unge menneske i kamp for eigeverd og retten til å leva i lag.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788274884823
Publisert
2014-11-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bokvennen
Vekt
382 gr
Høyde
215 mm
Bredde
142 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
268
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter