Ein ublid lagnad venta dei som fylgde si eiga indre røyst og ikkje lét seg styra av sedvane og av krav frå slekt og eige stand. Dei visste sjølve kva dei hadde i vente, men drivne av ein usløkkjeleg elskhug gjekk dei sine eigne vegar. Aino Kallas granska dei baltiske krønikene, og ho samla forteljingar som levde på folkemunne. Med utgangspunkt i dette materialet teikna ho dei historiske personane slik at dei står fram livs levande for oss i dag. Dei språklege føredøma fann ho i Bibelen og salmebøkene, og ho gav fram stellin gane ein alderdomleg dåm. Alle personane har ein sterk vilje, og dei vik ikkje ein tomme når det gjeld å fylgja si eiga overtyding. Det kosta dei dyrt. Barbara von Tisenhusen, Presten i Reigi og Vargbrura er her samla under tittelen Gjennom eld og vatn. Dei er alle tre hovudpersonar i kvar si bok. Barbara levde på 1500-talet, dei to andre på 1600-talet.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788274882157
Publisert
2009-09-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bokvennen
Vekt
413 gr
Høyde
214 mm
Bredde
145 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
220
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter
Oversetter