Figurkrot på treskjelåvar har truleg vore eit fenomen over mesteparten av landet. Kanskje mest utbreidd i fjell- og fjordbygder. Etter 1850 og utover då idèen om "enhetslåven" spreidde seg, vart mange gamle låvar rivne utover landet. Av ymse grunnar gjekk det ikkje slik i Vest-Telemark og andre fjell- og fjordbygder. Der er det framleis mange gamle låvar att, enn så lenge. «Det er kornet det dreier seg om, korn gjeld liv eller død. Det verdfulle kornet - Gudslånet» Det kjem fram i somme av figurane, dei symbolske teikna som blir bruka magisk for å verne kornet og auke lykka med avlinga. Andre figurar avspeglar kva treskjaren var oppteken av, t.d. hest og jenter og dramatiske hendingar. Kristin Bakken, Administrerande direktør i Norsk institutt for kulturminneforsking skriv i føreordet til boka: "Med denne boka greier Åsta å byggje figurteikningane i treskelåvene inn i fortellinga om det gamle bondesamfunnet på ein måte som kastar nytt lys over nettopp dette samfunnet. Det gjer ho i eit lesverdig godt språk der dei tradisjonelle nemningane blir brukte på ein måte som gjer framstillinga rikare."
Les mer
Forord av Kristin Bakken

Produktdetaljer

ISBN
9788269116410
Publisert
2018-12-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Telemark forlag
Vekt
1056 gr
Høyde
275 mm
Bredde
245 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
180
Sjanger
Faglitteratur