Utstyrt med lite anna enn ein gammal Peugeot 70-modell nedlasta for det meste av ulike årgangar av «Veteranbilen» og ein god porsjon sjølvironi tek Hans Henrik Dal fatt på sitt nye tilvære som arbeidslaus, huslaus og einsleg etter eit havarert sambuarskap. Han legg turen heimover til Vestlandet og guterommet. Han er komen heim for å bli, men er usikker på kva han skal bli. Med NAV i ryggen skal han starta på nytt, men for ein mann utan særleg formell utdanning, og som i tillegg nærmar seg middagshøgda, skal det visa seg å ikkje vera noko enkel oppgåve. Vegen mot eit stabilt yrkes- og privatliv er krunglete, og han lyt mellom anna innom både det lokale lensmannskontoret, eit bedehus i havgapet, ein barnehage og ein homseklubb i Bergen. Men målet verkar fjernare enn nokon gong. Etter kvart som sjølvironien, som heldt han gåande i starten, gradvis blir erstatta av eit veksande mismot, må han erkjenna at skal han koma seg ut av den situasjonen han er i, har han ingen andre å stola på enn seg sjølv. Mannen som ville bli handlar om korleis restarta livet når halvparten eller kanskje vel så det er unnagjort. Jakta på gammalt vennskap som kanskje aldri har eksistert og ikkje minst om eit nedarva pessimistisk grunnsyn som seier at kjærleiken og lukka ikkje er meint for alle.
Les mer
ISBN ikke trykt i boken

Produktdetaljer

ISBN
9788269102444
Publisert
2019-10-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Hammersland bok & musikk
Vekt
424 gr
Høyde
210 mm
Bredde
150 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
254

Forfatter