Gjennom dei åtte vekslande avdelingane, som rett nok – om ikkje strengt kronologisk – utviklar seg over tid, skriv Grethe Fatima Syéd i eit nøysamt og beherska språk fram eit lyrisk forløp. Stilen er varleg og sparsam, og metaforikken ligg helst uuttalt i sjølve språket […] Slik skriv Syéd fram ei forteljing, eit vakkert og ømt bilde av ein fin mann, samstundes som ho stillfarande og utan å trenga seg på synleggjer eit elles uhamsleg omfattande sakskompleks i si tid, med historias største, pågåande, folkevandring – og ei omfattande eg-fiksert identitetsforvirring, kunne vi legga til.
- Jan Askeland, Krabben Poesikritikk
Grethe Fatima Syéds første diktsamling 'Og så vi med våre mangonyrer' er knapp, men kløktig komponert.
- Joakim Randa Berthelsen, Bergens Tidende
Og så vi med våre mangonyrer er elles ein visuell fryd, ei vakker bok, ei trykksak med puste-, tanke- og kjensleplass på sidene. Bruken av enjambement (versbindinga) er også ein fryd.
- Jan Askeland, Krabben Poesikritikk
Grethe Fatima Syéds første diktsamling er eit vakkert portrett.
- Sindre Ekrheim, Dag og Tid