Seamus Heaney, som fekk Nobelprisen i 1995, har ved sida av diktargjerninga si i mange år markert seg som ein framifrå essayist. I dette omfattande utvalet av prosastykke fins tekstar frå 70-talet og fram til Nobelforelesinga som Heaney gav 7. desember 1995. Seamus Heaneys essays og foredrag er prega av ein engasjerande og smittande kjærleik til litteraturen. Dei er skrivne frå ein personleg ståstad, der det som også kjenneteiknar lyrikaren Heaney - det lokale irske - har sin sjølvsagte plass og gir dei ein nesten skjønnlitterær omgivnad. Tekstane blir dermed eit spennande møte med ein av dei viktigaste forfattarane i verda i dag og samstundes ein vegvisar i litteraturen, som inspirerar lesaren til å følgje Heaney på oppdagingsferd i den store diktekunsten.
Les mer
Samlinga inneheld essays som er skrivne i tidsrommet 1980-1995. Heaneys essays og foredrag er prega av ein engasjerande kjæleik til litteraturen, og det lokale irske har sin sjølvsagte plass.

Produktdetaljer

ISBN
9788256010592
Publisert
1996
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Solum
Vekt
384 gr
Høyde
215 mm
Bredde
137 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
232

Forfatter