Min biletbibel er ei stor bildebok med bibelforteljingar. Historiene er fortalde i eit enkelt språk som er lett for barna å forstå, og som egnar seg godt for høgtlesing. Etter kvart kan borna også lese forteljingane sjølve. Dei varme og fargerike illustrasjonane er fulle av detaljar som borna straks legg merke til. Menneska er uttrykksfullt framstilte og syner tydeleg oppriktige kjensler som ømheit, mot, frykt og undring. Kombinasjonen av tekst og illustrasjonar stimulerer barnet og den vaksne som les, til å snakke saman om forteljinga. Frå Det gamle testamentet finn du dei kjende forteljingane om Noah, Abraham og Daniel, men også mindre kjende historier som byggjinga av Jerusalems murer under leiing av Nehemja. Forteljingane frå Det nye testamentet handlar framfor alt om Jesu liv. Andre historier er også teke med, mellom anna om Paulus' reiser og om Johannes' openberring. For dei vaksne finnast det bak i boka eit historisk oversyn og ei liste over bibelske omgrep. Min biletbibel er laga med tanke på born i alderen 2 til 8 år. Tekstane er skrive i eit samarbeid mellom seks erfarne barnebokforfattarar som attfortel bibelforteljingane i stutte trekk så tett opp til bibelteksten som mogleg. Boka er illustrert av Marijke ten Cate, ein nederlandsk illustratør som har laga ei rekkje kjende biletbøker. Teksten er omsett til norsk av Bodil Engen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788254315637
Publisert
2023-09-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Verbum
Vekt
1010 gr
Høyde
257 mm
Bredde
232 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
3-6, 6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
183

Forfatter
Illustratør
Oversetter