Forfattar Hans Johan Sagrusten snur opp ned på vår lesing av Johannes' openberring, Bibelens siste bok. Med sin sterke biletbruk har boka spreidd håp, men òg frykt for det som skal koma. Ei vanleg tolking er at ho peikar framover mot ei endetid. Men Openberringa handlar ikkje berre om ei tenkt framtid, ho handlar om oss, seier forfattaren. Det er ei bok vi kan spegle oss i. Her finn han dei mange krisene i vår tid: som klima, flyktningar og oppsmuldringa av den kristne kyrkja. I den same spegelen ser han òg eit glimt av noko nytt og større. «Openberringa vil riste i oss. Ho vil dengje likesæla ut av oss», seier han. Forfattaren inviterer lesaren inn i ei verd der to tusen år gamle ord blir aktuelle og brennbare.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788254314869
Publisert
2022-06-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Verbum
Vekt
484 gr
Høyde
205 mm
Bredde
148 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
288

Illustratør