Ambrosia Tønnesen (1895-1948) var ein uvanleg person med eit tilsvarande uvanleg yrke. "Stenhugger i det Fine" stod det på visittkortet hennar. Å hogga skulpturar i marmor var ikkje rekna som passande arbeid for ei kvinne av borgarskapet på 1800-talet, likevel braut Ambrosia opp frå ei sikker stilling som lærarinne i Norge for å leva som kunstnar i København, Berlin og Paris. Ambrosia Tønnesen fekk mange oppdrag, utstilte jamleg på Salongen og blei den første kvinnelege bildehoggaren i Norge, som kunne leva av kunsten. Jorunn Veiteberg drøfter korleis ei kvinne med Ambrosia Tønnesen sin bakgrunn kunne oppnå ein slik posisjon. Kva fekk henne til å bryta med konvensjonane som galdt for hennar kjønn og klasse? Gjennom eit breitt kulturhistorisk perspektiv gir boka svar som gjer den aktuell for alle som er opptatt av kvinner sin situasjon og vilkåra for kunstskaping på slutten av 1800-talet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788253032269
Publisert
2009-10-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Pax
Vekt
776 gr
Høyde
242 mm
Bredde
180 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
250

Forfatter