I skuledebatten dei siste åra har vilkåra for læring stått sentralt. Peder Haug har redigert denne artikkelsamlinga der forfattarane tek for seg korleis elev- og lærarrolla verkar inn på vilkåra for læring. Bidragsytarane tek opp temaet på svært ulike måtar og emna spenner frå utviklingsarbeid til didaktikk og spørsmål om vurderingsformer. Boka er delt inn i to delar. I første delen er temaet korleis elev- og lærarrollene er nært knytte saman med dei rammene som er gitt i skulen, og korleis lærarutdanning, skuleleiing, læringsleiing og elevmangfald kan vere avgjerande for elevane si læring. Andre delen av boka tek opp ulike sider ved dei to rollene slik dei kjem fram i praktisk undervisning. Boka er skriven for forskarar, lærarutdannarar, lærarar, studentar og andre med interesse for skulen.
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2015

Produktdetaljer

Publisert
2019-12-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
E-bok

Redaktør