Helse og sjukdom, liv og død, er grunnvilkår i alle menneskeliv og samfunn. I dette oversiktsverket følgjer forfattaren hovudlinjene i medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid. Kva slags syn har ein til ulike tider hatt på sjukdom og dei sjuke, og kva slags vilkår har ein bydd pasientane? Og korleis har eit skiftande sjukdomsmønster bidratt til å forme framveksten av medisinsk vitskap og praksis? Etter ein introduksjon til medisinsk historie som forskingsfelt, følgjer ei oversikt over kva kunnskapsparadigme og sjukdomsteoriar som har rådd opp gjennom historia. Boka tek vidare opp framveksten av sjukehusvesenet, helseprofesjonar og ulike førebyggingstiltak. Endra sjukdomsoppfatningar, pasienterfaringar og medisinsk etikk er tema i siste del av boka. Hovudvekta i framstillinga ligg på norske forhold, men dette blir sett i lys av internasjonale impulsar og utviklingstrekk. Boka er skriven for studentar i medisin og helsefag og i historie og kulturfag..
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2017

Produktdetaljer

Publisert
2019-08-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
510
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter
Illustratør