Praktisk grammatikk er ei bok med øvingsoppgåver i grammatikk og er skriven for studentar på innføringskurs i norsk grammatikk. Boka er delt inn i kapittel etter ulike grammatiske tema, som semantikk, syntaks, fonologi, morfologi og ordklasser. I kvart kapittel er det ein kort gjennomgang av reglane og teoriane i dette emnet. Oppgåvene er varierte i både type og vanskegrad, og mange bruker autentiske døme frå norsk prosa. Det er utfyllande løysingsforslag til alle oppgåvene. Øvingane følgjer i all hovudsak terminologien i Norsk referansegrammatikk og kan brukast saman med ulike læremiddel i grammatikk. Ida Larsson (f. 1977) er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har forska på grammatikk, språkhistorie og dialektvariasjonar i Norden. Ho driv også med nordisk arvespråk i Amerika. Åshild Søfteland (f. 1979) er førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold. Ho underviser i grammatikk, dialektologi og språkhistorie i lærarutdanningane og forskar på talespråksvariasjon i norsk og nordisk innanfor grammatikk og pragmatikk. Urd Vindenes (f. 1988) er førsteamanuensis i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho har skrive doktoravhandling om norske demonstrativ og interesserer seg særleg for grammatiske konstruksjonar i talespråket og mekanismane bak språklege endringar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252199390
Publisert
2020-12-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
720 gr
Høyde
298 mm
Bredde
212 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
220
Sjanger
Faglitteratur