Hovlands litterære kanon.
I si nye essaybok plukkar Ragnar Hovland opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hylinger. Vi får òg lese meir samfunnsorienterte essay, som den
sterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland.
La deg inspirere til å plukke opp dei bøkene du enno ikkje har fått lese - eller dei bøkene du har tenkt du må lese på nytt - etter å ha fått dei levande formidla av Ragnar Hovland, som med denne utgivinga markerer sitt førtiande år som forfattar.
«Det er en fryd a. boltre seg i Ragnar Hovlands tekster», skreiv Jon Øystein Flink (Klassekampen) om den førre essayboka, Kunsten a. komme heim og andre essay.
Les mer
Produktdetaljer
Publisert
2019-10-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
142
Forfatter