I 1941 forlét den 23 år gamle Helen Bynum heimen på landsbygda i delstaten New York for første gong. Ho har fått i oppdrag å hente heim tante Lulu, ei aldrande og fordrukken skodespelarinne i New Orleans. Ei ny verd opnar seg, eit liv fullt av lidenskap, eventyr, sex og kjærleik. Ho blir ein del av ein bohemsk, intellektuell vennegjeng i The French Quarter, og for første gong kjenner ho seg fri til å utforske kva som er mogleg i sitt eige liv. Andre verdskrigen og undertrykkinga av farga og homofile ligg som eit ubehageleg slør over forteljinga. I eit kapittel lagt seinare i tid, innser Helen at livet og omstenda var annleis enn ho kunne førestille seg. «Guden for mareritt» er ein roman frå New Orleans om vennskap, kjærleik, fordommar og svik.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252197211
Publisert
2018-08-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
373 gr
Høyde
214 mm
Bredde
140 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
245

Forfatter
Oversetter