Skjebnetung familiesaga frå Napoli. Frå toppen av Capodimonte ser Rosa utover Napoli. Ho sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina, og snakkar til sjela hennar. For å lindre alle sår som har sett eit uutsletteleg preg på livet til dei begge, kallar ho fram historia til mora: Ungjenta Vincenzina drar frå ei fattig landsbygd, møter Rafele, son av ein fallen overklassefamilie. Ho giftar seg med han utan velsigninga til mor hans og flyttar til den fattige åsen i Napoli der Rosa veks opp. Kritikarroste Wanda Marasco tek oss med til eit kaotisk og brutalt Napoli. «Kompaniet av dikta sjeler» er ei forteljing om tre slektsledd kvinner, om overgrep, sjukdom, galskap og kjærleik, som beveger seg mellom livet og døden i ein by med ein nekropolis under brusteinane. Marasco, kortlista til den prestisjetunge Strega-prisen både i 2015 og 2017, viser oss eit sanseleg, mystisk og skjebnetungt Napoli. Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2019-02-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
230
Orginaltittel
La compagnia delle anime finte
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Oversetter