Bli med inn i Grotten! På ein fjellknaus i utkanten av Slottsparken ligg Grotten. Huset har sidan 1922 vore æresbustad for fortente kunstnarar, men vart bygd lenge før det. Henrik Wergeland la i si tid elsk på plassen, og 17. mai 1841 stod huset ferdig og Wergeland flytta inn med kone, hest, hund, kaninar, ormar og fuglar. Etter Wergeland har nokre av dei fremste norske diktarane og komponistane fått bu i Grotten: Christian Sinding, Arnulf Øverland og Arne Norheim. I 2011 flytta forfattaren Jon Fosse inn i det rosa huset og vart kongens nabo. Grotten er ei forteljing om huset og kva som har skjedd der. Boka handlar om nokre uvanlege skikkelsar i norsk historie: Korleis var kvardagslivet deira, og kva blei skapt i huset på knausen? Og det finst dei som har takka nei: Tarjei Vesaas kunne ikkje tenkje seg å forlate Vinje til fordel for å sitje på utstilling i Slottsparken. Mange blei urolege då erkevestlendingen Jon Fosse skulle bli kongens nabo. Ville han bli ein annan no, langt borte frå vestlandske fjordarmar og duskregn?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252195590
Publisert
2019-09-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
440 gr
Høyde
195 mm
Bredde
138 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
294
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter