Samferdselsminister Kjell Opseth (f. 1936) var mannen som etter fleire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein flyplass på Gardermoen med eit toppmoderne flytog på landets første høgfartsbane. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd verdas lengste vegtunnel på 24 kilometer gjennom Sogn.
Hestehandlaren Kjell Opseth er historia om ein effektiv og viljesterk pragmatikar - med svak ideologisk kjerne. Den markante og handlekraftige statsråden stod for oppmjuking av luftfartsmonopolet og gav Norwegian luft under vengene. Det var også denne slue strategen og sunnfjordingen frå Førde som la grunnlaget for Telenors eventyrlege vekst. Kraftsosialisten og næringspolitikaren var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jaglands regjeringar i til saman sju år, og var stortingsrepresentant i fem periodar frå 1981 til 2001.
Dag Nestegard har som journalist arbeidd mykje med samferdselspolitikk. No arbeider han sentralt i Bane NOR med den nye jernbanereforma regjeringa gjennomfører.
Les mer
Produktdetaljer
Publisert
2017-11-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
286
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter