To søsken må klare seg åleine i eit hus i skogen. Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Foreldra er borte, men kanskje er dei ikkje heilt åleine likevel. Langva har skapt eit særeige univers, som har i seg ekko av eventyr og fablar. Gjertrud Langva er fødd i 1989. Vi spring ikkje slik vi sprang er den første boka hennar.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018-02-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
151

Forfatter