Morosam, gripande og spennande barnebok av debutant Heime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var. Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit? Ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot. Illustrert av Nora Brech. Ingunn Thon (f. 1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner ho også frå Påskemorgen og Julemorgen. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2017-02-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
206
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Illustratør