I skvis mellom to supermakter. I 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to, i eit kapitalistisk Vest-Tyskland og eit kommunistisk Aust-Tyskland. Berlin blei liggjande inne i Aust-Tyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei byen fysisk delt av den 45 kilometer lange Berlinmuren. Berlin blei ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989. Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då Berlin låg i skvis mellom supermaktene. Ho har valt historier som går rett inn i dei mest brennbare konfliktane. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot. Mange historier handlar om å byte side. Vi møter blant andre Hartmut Richter, som ei augustnatt i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og seinare blei menneskesmuglar eller flukthjelpar. Vi møter Peter Brandt, sonen til Willy Brandt, som deltok i det vesttyske 68-opprøret, og vi råkøyrer med Werner Stiller, i dag Peter Fischer, eks-Stasi-agent som ei tid var mellom dei mest ettersøkte i DDR. Dette er historia om den kalde krigen i Berlin fortald gjennom einskildmenneske.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252192384
Publisert
2017-02-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
362 gr
Høyde
211 mm
Bredde
139 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
192