Gjennom livet opplever dei .este kriser og hendingar som gjer dagane krevjande og vonde. Gro Skartveit har møtt folk som har vore ute ei vinternatt, men som har klart å .nne tilbake til eit leveleg liv. Her får du historier om folk som blant anna har opplevd drap, sjølvmord, terror, sjukdom, angst og mobbing. Dette er historier om kriser, men først og fremst om korleis det er mogleg å gjere livet betre sjølv etter det aller verste har skjedd. Desse deler erfaringane sine: Jon Asgaut Flesjå, Stine Renate Håheim, Adrian Lorentsson, Torunn Austdal Rasmussen, Kjell Soleim, Monna Tandberg, Tolli Frestad, Brith Dybing og Victoria Kyllevik Gravdal. Forfattaren fortel også frå eiga historie. Helseminister Bent Høie har skrive forordet. Gro Skartveit (f. 1965) er sosionom og har i mange år arbeidd med menneske i krise. Ho er ein kjend politikar frå Rogaland og skapte bølgjer i lokalpolitikken både då ho kom ut av skapet og bytte parti. Skartveit har tidlegare skrive boka Ulvar i lamme.okken om overgrep mot kvinner i kristne miljø. I 2010 gav ho ut boka Den usynlege smerta. Om rus og pårørande.
Les mer
Forord av Bent Høie

Produktdetaljer

Publisert
2017-01-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
222
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter