Min krig, suitar krinsar om krigane som rasar under freden, og den sorga som kjem før døden, ei sorg som forplantar seg i redsla for å gløyme eller bli gløymd. Dikta beveger seg i den intense nærleiken mellom mor og barn. Dei snakkar om å føde og å drepe, om å eige og å elske. Dei snakkar om grenser og grenseløyse. Dikta stiller spørsmål ved eit fantastisk, forskrekkeleg liv, ved kvardagen, slagmarka, sjukdommen, husdyra, tapet - skulda, gløymsla og minnets avgrunn. Dette er eit forsøk på å opprette eit narrativ kring den kraftløysa og brutaliteten som mennesket rommar. Dei brota vi utøver mot kvarandre og andre, den trøysta vi søkjer og treng. Gjendikta frå svensk av Ingrid Z. Aanestad.
Jenny Tunedal (f. 1973) er svensk forfattar, omsetjar og kritikar. Min krig, suitar (2011) er hennar fjerde diktsamling. I 2017 kom hennar femte: Rosor skador.
Les mer
Produktdetaljer
Publisert
2017-11-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
134
Orginaltittel
Mitt krig, sviter
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter
Oversetter