Borgarkrigen i Syria har så langt kosta hundretusenar av folk livet, og ført mange millionar på flukt. I Farvel, Syria blir du kjend med nokre av dei som har forlate heimlandet sitt. Emil A. Erstad har reist til Midtausten og snakka med religiøse minoritetar, einslege kvinner, homofile og opposisjonelle. Mange av desse kan ikkje få trygge liv i nærområda til Syria, samtidig som Norge og andre europeiske land gjer det vanskelegare for flyktningane å krysse grensene. Boka fortel om forskjellen mellom dei ulike flyktningane, og kven vi har plikt til å hjelpe. Den gir også verdifulle innspel til ein betre flyktningpolitikk for Norge og verda. Farvel, Syria er ei bok som både vil røre deg og gjere deg klokare. Emil A. Erstad (f. 1991) er tidlegare leiar i KrFU og rådgivar for internasjonale spørsmål i tankesmia Agenda. Han studerer samanliknande politikk, og sit i KrF sitt internasjonale utval.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-04-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
286

Forfatter