Terje Tørrisplass' nye diktbok handlar om mellomtilstandar og overgangar i livet. Når dikta tematiserer bortgang og død, er det med forsoning: Naturen ber i seg spor av menneske som har levd, og varsel om tider som skal komme. Eg-et er nært knytt til naturen, som igjen er nær og samanvevd med mennesket og dagleglivet, og dette bandet viskar ut skiljet mellom notid og fortid.
Terje Tørrisplass (f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal. Han debuterte med Eg bygger ikkje byar i 2010 og følgde opp med Glenne i 2013. Lomen svarar med i blanke timar er hans tredje diktbok. I forfattarskapen hans er det den livslange og tette relasjonen til naturen som står sentralt. Da han debuterte blei han omtalt som «Årets lyrikkdebutant» (Stavanger Aftenblad) og boka gjorde eit «uvanleg sterkt inntrykk» (Vårt Land).
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave
Produktdetaljer
Publisert
2016-05-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
57
Forfatter