Sjelevenner i norsk kultur På 1800-talet stod vennskapet høgt i kurs, og ikkje minst varme vennskap mellom to personar av same kjønn. Tvillingsjeler eller sjelevenner forstår kvarandre i alt. Den eine er ikkje heilt lykkeleg utan den andre. Denne boka handlar om fjorten slike vennepar, sju kvinnelege og sju mannlege, der dei fleste er kunstnarar, anten innan biletkunst, litteratur eller musikk. To av dei kvinnelege vennepara er forretningskvinner og viktige pionerar i sine respektive bransjar. Historia om dei nære forholda fortel òg korleis personane har funne inspirasjon og kraft i vennskapet og utvikla seg ved hjelp av den andre. Dette er nokre av para i boka: Harriet Backer og Kitty Kielland, Bjørnstjerne Bjørnson og Clemens Petersen, Synnøve Finden og Pernille Holmen, Edvard Grieg og Frantz Beyer, Gunvor Hofmo og Ruth Maier, Tor Jonsson og Jan-Magnus Bruheim, Marie Høeg og Bolette Berg.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252190014
Publisert
2016-04-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
540 gr
Høyde
232 mm
Bredde
162 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
236

Forfatter