Ei dramatisk skildring av korleis det er å vekse opp i krig .
Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg.
Frå Lindøya utanfor Oslo såg ho tyske bombefly fly lågt over hustaket, på veg for å invadere Oslo. Brevet frå krigen er ei sterk og unik skildring av korleis det er å vere barn medan den andre verdskrigen går føre seg utanfor kjøkenvindauget. Gjennom dagleglivet til Jorun får vi lære om viktige hendingar i Noreg under krigen. Ho blei vekt av SS-soldatar på jakt etter Max Manus, såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, og hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til. Boka er basert på samtalar, brev og dagbøker, og er rikt illustrert med unikt biletmateriale.
Det har no gått over 70 år sidan Noreg opplevde krig og okkupasjon på eiga jord. Brevet frå krigen lèt nye generasjonar bli kjende med denne dramatiske og avgjerande tida i norsk historie.
Les mer
Undertittel på omslaget: Jorun fortel om livet under den andre verdskrigen
Produktdetaljer
ISBN
9788252189537
Publisert
2017-03-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
726 gr
Høyde
248 mm
Bredde
178 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
204
Sjanger
Faglitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond