Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, reinsdyr importerte frå Noreg beitar, det blir sett i gang treplanting, og plantasjar blir bygde. Men dette området har eit skiftande humør, det kan kaste om på seg, lage nye elveløp, nye utspring. Lesaren blir vitne både til kreftene som bur under bakken, og til kreftene som bur i menneska, når Gerd frå Noreg treffer den islandske bondesonen Ingolfur. Varmá er ein roman om menneska som bur i området langs elva. Det handlar om slekters gang, om å skape sitt eige liv i det ein har arva, og om å leve nær på naturen.
Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg. I 2012 blei ho tildelt både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnerstipend.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave
Produktdetaljer
Publisert
2017-01-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
299
Forfatter