Coeur de Lion er eit rått og intenst langdikt skrive kort tid etter eit kjærleiksbrot. Teksten er framleis varm av begjæret, men er samstundes lærd, skarp og intellektuell. Reines skriv beinhardt og generøst, og legg ingenting imellom, verken for seg sjølv eller lesaren: Dette er ei bok som tilstår alt. Ho er både vond, brutal og morosam, og kan ved første augekast verke hemnlysten. Men Reines er oppteken av å forstå det som har skjedd, det som skjer, og ho gir stemme til både Ariana og Jake, mellom anna ved at Ariana hackar seg inn på Jakes e-postkonto. Reines pustar med sitt moderne kjærleiksdikt nytt liv i sjangeren. Coeur de Lion frå 2007 har blitt ein kultklassikar og har allereie hatt stor innverknad på amerikansk samtidspoesi. Anna Kleiva har gjendikta teksten til norsk, og har også skrive eit etterord. Boka inneheld òg ein samtale mellom gjendiktaren og forfattaren.
Les mer
Etterord av Anna Kleiva

Produktdetaljer

ISBN
9788252185393
Publisert
2015-03-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
226 gr
Høyde
210 mm
Bredde
138 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
106

Forfatter
Oversetter