Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588?1666) folket til kamp mot overmakta.
Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie.
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave
Produktdetaljer
Publisert
2013-10-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter