Er vi nordmenn eigentleg så språktolerante som vi likar å tru? Blant språkforskarar utanlands blir Noreg sett på som eit land med stor takhøgd for språkleg mangfald. Men i kva grad set eigentleg det norske folket pris på språkmangfald? Kvifor ser ein stadig negative og til dels hatske utfall mot nynorsk? Kvifor møter meir synleggjering av samisk språk i Nord-Noreg sterk folkeleg motstand? Er det eigentleg så populært med alle moglege slags dialektar i dette landet? Og kvifor er det så opprørande at minoritetsspråklege born skal få tilbod om morsmålsopplæring? Gjennom ti frittståande tekstar tek boka opp ein rad dagsaktuelle emne knytt til språkleg mangfald, alt frå hakking på dialektbruk via angrep på nynorsk og samisk til synet på fleirspråkleg opplæring. Den overordna bodskapen er at språkleg toleranse og verdsetjing av språkmangfald er bra for den enkelte og difor også for samfunnet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252183825
Publisert
2013-10-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
94 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
101