Helse og sjukdom, liv og død, er grunnvilkår i alle menneskeliv og samfunn. I dette oversiktsverket følgjer forfattaren hovudlinjene i medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid. Kva slags syn har ein til ulike tider hatt på sjukdom og dei sjuke, og kva slags vilkår har ein bydd pasientane? Og korleis har eit skiftande sjukdomsmønster bidratt til å forme framveksten av medisinsk vitskap og praksis?
Etter ein introduksjon til medisinsk historie som forskingsfelt, følgjer ei oversikt over kva kunnskapsparadigme og sjukdomsteoriar som har rådd opp gjennom historia. Boka tek vidare opp framveksten av sjukehusvesenet, helseprofesjonar og ulike førebyggingstiltak. Endra sjukdomsoppfatningar, pasienterfaringar og medisinsk etikk er tema i siste del av boka. Hovudvekta i framstillinga ligg på norske forhold, men dette blir sett i lys av internasjonale impulsar og utviklingstrekk.
Boka er skriven for studentar i medisin og helsefag og i historie og kulturfag..
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788252177718
Publisert
2017-03-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
1080 gr
Høyde
240 mm
Bredde
172 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
510
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter
Illustratør