Matte overalt er eit læreverk i matematikk for grunnskulen. I Matte overalt er matematikk både interessant og utfordrande. Eit stort og mangfaldig oppgåveutval og gode, praktiske lærarrettleiingar gjer det lett å lage spennande og varierte opplegg utan mykje førearbeid. Matte overalt - formidlar matematikken gjennom situasjonar som elevane kjenner igjen - motiverer elevane gjennom opne og utforskande oppgåver og ein fornuftig progresjon - gjer det enkelt for læraren å planleggje og gjennomføre god, variert undervisning Grunnboka skal brukast av lærar og elevar i fellesskap. Boka er eit nyttig hjelpemiddel i klasserommet. Elevane arbeider vidare med tilpassa lærestoff i Arbeidsbok 1 og på fagnettstaden til Matte overalt. Nedst på sidene i grunnboka finst korte, instruktive informasjonstekstar til dei vaksne, med råd og eksempel. Innhald: Kapittel 1 Omgrep Kapittel 2 Tala (1 5 og 0) Kapittel 3 Pluss og minus Kapittel 4 Former og mønster Kapittel 5 Tala (6 10) Kapittel 6 Pluss og minus Kapittel 7 Tabellar og diagram Kapittel 8 Tala (11 20) Kapittel 9 Kjøp og sal Kapittel 10 Måling Kapittel 11 Kan eg dette?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252176216
Publisert
2010-04-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
420 gr
Høyde
300 mm
Bredde
210 mm
Dybde
10 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
105