Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn. Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test – lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven. I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet. Tetra 10 treningshefte er eit oppgåvehefte for elevar som treng eit enklare opplegg. Heftet følgjer same oppbygging som grunnboka. Tetra 10 treningshefte er eit eingongshefte.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252173048
Publisert
2009-06-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
240 gr
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
95