Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn. Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test – lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven. I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet. Tetra 9 treningshefte er eit oppgåvehefte for elevar som treng eit enklare opplegg. Heftet følgjer same oppbygging som grunnboka. Tetra 9 treningshefte er eit eingongshefte.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252173000
Publisert
2009-01-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
240 gr
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
95