Gripande og tankevekkande om ulukker til sjøs . Sidan slutten av 1800-talet har fleire hundre fiskarar og andre sjøfarande i Troms blitt borte på havet. Ofte sporlaust. Gunnar Grytås fortel om nokre av forlisa og ulukkene her, ulukker som skaka samtida, og som det framleis knyter seg mange uløyste spørsmål til. Han fortel om djupt tragiske hendingar, men også historier om godt sjømannskap, mannsmot og handlekraft i kamp mot naturkreftene. For i dei kritiske stundene, ansikt til ansikt med døden, er det knapt grenser for kor mykje livsvilje folk klarar å mobilisere. Ikkje berre for å berge seg sjølv, men også for å hjelpe andre. Boka er illustrert med historiske fotografi.
Les mer
Havet utanfor Troms er ei kjelde til rikdom, men og ei kjelde til store tap og tunge sorger. Alle kystsamfunn har sine eiga tragediar og mange familiar har slektningar som har ei våt grav ein stad der ute. Forfattaren fortel her om nokre av desse tragediane. Har litteraturliste, båtregister og personregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252172577
Publisert
2009-10-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
888 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175

Forfatter