I denne boka er heimstadsongar frå nord til sør i Noreg for første gong samla. Her finn du hyllingssongar til grenda, øya, dalen og fjordbotnen, til dei små plassane og dei store byane. Dei særeigne by- og bygdesongane har i årevis vore nytta i allsong ved folkefestar og merkedagar, og framleis er det liv i denne tradisjonsrike sjangeren. Boka inneheld både eldre og nyare songar, og utvalet har stor geografisk spennvidd. Kvar av dei 200 songane i boka har melodilinje og gitarbesifring, og opplysningar om opphav. Velle Espeland har stått for utvalet i boka og skrive eit lengre forord til samlinga. Espeland er dagleg leiar ved Norsk visearkiv og har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om viser og folkekultur.
Les mer
Boka inneheld 200 heimstadsongar frå heile Noreg. Utvalet spenner geografisk vidt, alt frå hyllestsongar til dei store byane og dei små plassane, til grenda, øya, dalen og fjordbotnen. Kjærleiken til heimbygda og heimbyen er eit tema som går igjen. Songane har melodilinje og besifring, samt opplysningar om opphav. Med register.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788252170139
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
750 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
246
Redaktør