Som journalist er Torunn oppteken av å fortelje andres historier. Men sine eigne erfaringar finn ho ikkje språk for. Da ho startar arbeidet med å skrive om sin eigen families løyndom, blir ho stilt overfor fleire dilemma. Farfaren valde feil side under krigen, og far hennar har aldri snakka om det som hende. Gradvis avdekkast det ei forteljing knytt til hennar eigen identitet. Møtet med forskaren Siri vekker dessutan ei uventa kjensle i Torunn: Kva gjer det med alt ho har trudd om seg sjølv, og med forholdet til kjærasten Olav. Skal Torunn vere taus, som faren, eller skal ho velje språket? "Alt uavklart" er ein intens og utforskande roman om å bli i stand til å sjå seg sjølv og dei andre, og ei fascinerande forteljing om kjønn, seksualitet og rase.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249518456
Publisert
2017-08-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
205
Orginaltittel
Alt uavklart
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond