Kor lita kan ei hending vera, og framleis kallast ei hending? I Kjartan Hatløys univers er det kosmiske dimensjonar over stega til ei raud minivevkjerring på kvit grus. Overalt finst stumme samtalepartnarar for refleksjonar over gleda, livet og æva, sett opp mot den alltid mogelege døden. Dei siste åra har Kjartan Hatløy stått stadig tydelegare fram som ein av våre viktigaste naturlyrikarar. «Den kvite vegen» kan lesast som Hatløys hittil mest personlege og forsonlege samling, på ein gong tilbakeskuande og moderne, utoverretta og imploderande, som ein type særmerkte illuminasjonar.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-08-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
77
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter