Ishuset er ei dramatisering av Marit Tusviks debutroman med same namn. Stykket hadde urpremiere på Sogn og Fjordane Teater 11. desember 2009. Ishuset er Marit Tusviks første roman og handlar først og fremst om Mads, ein ung mann som freistar fri seg frå barndommen og oppvekstmiljøet. Fridomstrangen fører Mads ut i verda, på ein heilt annan veg enn den dei fire eldre søskena valde: å drive garden i den frodige vestlandsbygda. Der ville han bli klemd mellom milde søstrer som lengtar ut og psykopatiske brør som tyranniserer dei andre. Marit Tusvik har skapt ei heilstøpt forteljing om barnet, fiolinisten og kafeverten Mads. Det er blitt ein roman om personleg utvikling, ein kjærleiksroman og ein kunstnarroman.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249507122
Publisert
2010-02-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
107
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter