Hans har vore sokneprest i Sveigen i sytten år, han er gift med Bente, som er flyvertinne og som ofte er fråverande. No har Hans begynt å setja seg til pianoet igjen. Kanskje var det slik at han ein gong valde å bli prest for å sleppa unna spelinga? Kanskje må han tilbake til pianoet igjen? Han veit ikkje om Bente trur på han eller ikkje, og då ho flyttar ut av prestegarden, blir han buande åleine. Han søkjer permisjon frå jobben, for han vil endra seg. Kva er hans personlege bidrag til verda, og til menneska rundt? Han er oppriktig, desperat og komisk. Han prøver å leva opp til sin eigen erkjenningstrong, og han har ein svimlande og forlokkande tvil som han ikkje slepp tak i.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249503995
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
268
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter