Denne boka er ei hjelp for studentar som skal skrive oppgåve basert
på empiri. Målet er at mindre krefter blir brukt på å finne forma
til oppgåva, slik at meir krefter kan brukast på innhaldet. Boka er
i hovudsak retta mot bacheloroppgåva i sosialt arbeid. Den er likevel
nyttig både for masterstudentar og studentar som skriv innanfor andre
fagområde. Empiriske oppgåver skal skape ny kunnskap. Det er klare
krav til korleis slik kunnskap vert skapt. Forfattarane viser korleis
dette kan gjerast. Dette gjeld både metodiske val og måten ein skriv
på. Spørsmål som boka gir svar på, er blant anna: Kva er viktig
når ein skriv akademisk? Kva metode skal veljast? Korleis analysere
data? Korleis skrive dei ulike kapitla? Alle forfattarane rettleier,
underviser og har emneansvar for skrive- og metodekurs på ulike emne
og nivå. Roar Stokken er professor, Ellen Andenes er høgskulelektor
og Finn Ove Båtevik er professor ved Institutt for sosialfag. Bjarte
Folkestad er professor ved Institutt for planlegging, administrasjon
og skuleretta samfunnsfag, alle ved Høgskulen i Volda.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245043402
Publisert
2022
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok