Marginalisering av utsett ungdom er ei vesentleg utfordring. Unge er generelt utsette på arbeidsmarknaden. Vanskane med å få seg arbeid er endå større for dei unge som har problem med helse, rus, kriminalitet eller anna. Denne boka viser korleis Nav-rettleiarar, sosialarbeidarar og andre som hjelper utsett ungdom, kan arbeide for å inkludere ungdommane i arbeid. Forfattaren diskuterer inkludering i lys av Supported Employment (SE) og kapabilitetstilnærminga. SE har vist seg å vere særs godt eigna for arbeidsinkludering av utsette grupper, og kapabilitetstilnærminga handlar om å auke sjansen til å nå måla sine åleine eller i samspel med andre ved å omdanne ressursar til reelle moglegheiter og levd liv. Boka rettar seg til studentar i sosialt arbeid, tilsette i Nav, skule og tiltaksapparat som hjelper utsett ungdom i alderen 15–25 år med å finne arbeid. Kjetil Frøyland er utdanna sosionom og idéhistorikar og er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet – storbyuniversitetet. Han arbeider med arbeidsmiljø og arbeidsinkludering av utsette grupper, arbeidsretta bistand (Nav) og rusmiddelførebygging i arbeidslivet.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245033144
Publisert
2020-07-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
230 gr
Høyde
215 mm
Bredde
155 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
160
Forfatter