Rett i norsk Høgsterett vart sett første gong den 30. juni i 1815.
Domstolen var meint å ha verken kraft eller vilje, men skulle døme
strengt etter Stortinget sine lover. Den skulle uvilkårleg spegle
lovene som lovgivar vedtok, utan sjølv å ha ei meining om dei. Men
tidleg viste domstolen både kraft og vilje til å vere ein del av
statsmakta gjennom å ta ei aktiv og samfunnsregulerande rolle.
Høgsterett vart like mykje ein samfunnsspegel som ein lovspegel.
Korleis har Høgsterett brukt sin posisjon som den øvste domstolen i
Noreg dei siste 200 åra? Og korleis har domstolen samvirka med det
norske samfunnet? Denne antologien kastar lys over desse spørsmåla,
dels ved å sjå korleis Høgsterett har utøvd verksemda si i meir
konkrete saker, dels ved å sjå på rammene for korleis Høgsterett
utøvde verksemda si som samfunnspolitisk institusjon, og korleis
Høgsterett si verksemd har blitt kommunisert offentleg. Frode Ulvund
(f. 1969) er dr.philos. og professor i historie ved Institutt for
arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i
Bergen. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er dr. juris og professor i
rettshistorie ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245032369
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok