Del 1 av denne serien er fire bøker om Nordlandsbåten og
Åfjordsbåten som kom ut i 1990. Det har teke mange år, men no er
endeleg del 2 i kjømda og vil omfatte båtar i Møre og Romsdal.
Også del 2 vil bli på fire band. Denne boka (band 1 i del 2) tek for
seg prosessen med og tankar attom det å byggje ein geitbåt. Denne
båttypen har sitt kjerneområde på Nordmøre, men han finst også i
Romsdal og i dei sørlegaste delane av Sør-Trøndelag. Geitbåten er
den mest «geometriske» av dei tradisjonsbåtane vi kjenner til. Så
og seia heile forma let seg definere ved hjelp av enkle brøkar på
visse grunntal som båten er bygd i kring. Dertil er «halve» båten
hoggen i fasong. Samstundes er han svært vakker. Bildet på framsida
fortel om både mjuke og spenstige linjer. Som teknologi og prinsipp
for å gjeva form representerer han noko svært avansert og som vi kan
følgje med konkrete funn heilt attende til 1500-talet. Geitbåten er
ei viktig kjelde til innsikt i norske båttradisjonar, og han har
såleis interesse langt ut over der han høyrer heime. Som
innfallsvinkel til forståing bør denne boka kunne gi tankestoff og
inspirasjonar til mange. Å halde liv i geitbåten som levande
tradisjon er å føre vidare ein sentral del av vår kultur. Vi har
ikkje lov til å la vera. Gjer som brørne Solvang, kjøp geitbåt og
bruk han!
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245030891
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter