Det finst mange kvite flekkar på det bygningshistoriske kartet over
Noreg. Denne boka tek for seg reiste konstruksjonar over eit tidsspenn
på nesten 900 år. Med dette blir det farge på denne viktige delen
av byggjeskikken vår. Denne boka er ei revidert utgåve av den som
kom ut i 2009. Den første skissa til bok om dette temaet kom på
TI-forlaget i 1994. Det er i hovudsak redaksjonelle endringar vi har
gjort i denne utgåva, først og fremst ved at figurar har fått
tekst. Dertil er det gjort nokre presiseringar, og vi har retta feil.
Vi vonar omredigeringa fell i smak, og at boka blir lettare å lesa.
Grunnlaget for framstillinga ligg i ein omfattande dokumentasjon av
ståande byggverk kombinert med aktiv utøving rettleidd av
tradisjonsberarar. Samhandling er stikkord. Forfattarane har lært seg
arbeidsmåtar ved å byggje ulike slags hus saman med eldre
handverkarar. Vi vågar å kalle desse dei siste representantane for
ein lang tradisjon. Den måten å sjå bygget på som
tradisjonsberarane uttrykte, har vore innfallsvinkelen til
dokumentasjonen av kring 1000 byggverk frå Vardø i aust og nord til
Lista i sør. Innfallsvinkelen til stoffet er den handverksfaglege.
Det er anatomien, den indre, ofte ikkje synlege strukturen attom
fasade og panel vi rettar blikket mot. Dertil tek vi for oss
prosedyrar, det vi kan kalle rekkjefølgjekunnskapen så vel som
vurdering av styrke. Ikkje minst er samanhengen mellom samla byggverk
og den einskilde detaljen viktig. Alle fag har sitt eige språk, sine
eigne nemningar på delar og prosessar. Boka legg stor vekt på å få
med dei mest brukte nemningane på delar og system. Vi oppdagar at
Noreg også på dette feltet er tospråkleg. Vi har ein litterær
tradisjon som er knytt opp mot offisiell kunnskap i skole og
laugsvesen. Dertil har vi ein uoffisiell nemningsbruk knytt opp mot
det ikkje formaliserte opplæringssystemet som har eksistert ved sida
av og i høg grad uavhengig av det offisielle heilt fram til i det
første tiåret etter andre verdskrigen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245030426
Publisert
2019
Utgave
3. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok